Hopp til hovedinnhold

Vinnarar frå skulen på årets fylkesmeisterskap

Bilete av elever fra Viva UB som holder pris for 2. plass beste ungdomsbedrift

Den årlege fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter i Vestland blei i Bergensregionen arrangert på Amalie Skram videregående skole 20. mars. På meisterskapsdagen konkurrerer ungdomsbedriftene mellom anna om titlane beste salsbedrift, beste samarbeid med næringslivet, berekraftsprisen, innovasjonsprisen, beste yrkesfaglege bedrift, og beste ungdomsbedrift.

Vinnarar frå Amalie Skram vgs

 
På fylkesmeisterskapet får mange ungdomsbedrifter rundt Vestland konkurrere om dei ulike prisane. Salen var innhaldsrik, og fylt av engasjement, kreativtiet, og spenning. Blant ungdomsbedriftene til Amalie Skram vgs, vann følgjande ungdomsbedrifter i ulike kategoriar:
Beste ungdomsbedrift: 2. plass til Viva UB 
Beste samarbeid med næringslivet: 3. plass til Viva UB
Bilete 2 frå venstre: Louise H. Johnsen, Saki Imagawa, Josefine Ådland, Alexandra B. Holmedal og Christine D. S. Thommassen. Ungdomsbedriften sel varme og kuldepute som består blant anna av druekjernar. Kuldeputa kan fungere som ispose for å lindre hovne musklar og ledd. Varmeputa kan varmast i mikrobølgeomn eller omn, og kan bli brukt til å lindre smertar på ømme musklar og nakke.
 
Beste pitch: 1. plass til Eco-coffee UB
Frå venstre: Alfred T. Kolve, Louise M. S. Kirkevik, Norunn H. Åsebø og Elena Mostraum.
Ungdomsbedriften sel berekraftige gjenbruksbare kaffefiltre som består av reststoff i naturlege fargar. 

Nokon nominasjonar:

Beste samarbeid med næringslivet: Pouch Perfect UB.
Frå venstre: Emma Telle og Emilie S. Fjell

Beste forretningsplan: Skram`s Marketing og Consulting UB
Beste salsbedrift: Skram`s Marketing og Consulting UB
Frå venstre: Amane Hiji, Elias Eichner, Casper Steigum, Håvard F. Langeland

Sjølv om ikkje alle ungdomsbedriftene vann prisar, var det mange kreative elevar i salen.
Vi gleder oss til neste meisterskap!
 
Den fullstendige oversikta over vinnarar og nominasjonar kan ein sjå på nettsida til Ungt Entreprenørskap:https://www.ue.no/vestland/info/fylkesmesterskap-ungdomsbedrift/prisvinnere-2024