Amalie Skram tilbyr faget toppidrett fotball. Faget kan du velje som eit ekstra fag i Vg1. Dette gir 4 ekstra skuletimar pr. veke.
![Toppidrett - Fotball](https://www.hordaland.no/globalassets/for-skulane/amalie-skram-vgs/bilder/studietilbod/fotball-25579.jpg)
I Vg2 og Vg3 kan du velje faget i kombinasjon med teoretiske fag.
Toppidrett er eit 4 timars (4 klokketimar) programfag som er "lånt" frå programområdet Idrettsfag. Faget kan bli valt av elevar som går på Studiespesialiserande.
Føresetnaden for å kunne søke faget, er at du driv aktivt med idretten. Treninga blir lagt opp i samarbeid med dei lokale fotballklubbane. Opptak til skulen skjer på ordinære vilkår med basis i karakterar.
Sjå læreplan for toppidrett.
Merk at vurderingskriteriane i faget legg stor vekt på idrettslege resultat.