Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje Amalie Skram videregående skole?
Amalie Skram videregående er den største studiespesialiserande skulen i Hordaland. Vi har 9 parallellar med over 800 elevar, og kan tilby dei aller fleste fag og kombinasjonar på studiespesialiserande programområde. Dette gir ein unik fridom til å velje akkurat dei programfaga du har lyst på!
Utdanning på høgare nivå (universitet og høgskular) krev at du må ha generell studiekompetanse for å komme inn. Ein del utdanningar krev spesiell studiekompetanse.
Som elev på studiespesialiserande utdanningsprogram kan du få både generell og spesiell studiekompetanse hos oss. Ta kontakt med skulen om du har spørsmål knytt til dette.