Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velja sal, service og reiseliv?
Viss du vel sal, service og reiseliv, bør du vera interessert i å arbeida medmenneske. Du må vera open for ulike kulturar og tradisjonar, og helst ein type person som har lett for å snakka med folk. Du må vera løsningsorientert og serviceinnstilt, og kunne behalda roa i utfordrande situasjonar. Forvent å bruka pulten som kontorarbeidsplass, å bli ein dyktig digital person, og at det ligg mykje yrkesteori og ventar.
Kva lærer du?
- økonomisk og berekraftig drift
- om marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
- administrasjon og digitale verktøy
- om reiseliv og turisme
- kundebehandling og salg
- planlegging og gjennomføring av tryggingstiltak
- service og kommunikasjon
- etikk, kundekontakt og gjestebehandling
- etablering av verksemder