Ein rådgjevar skal vere ein god samtalepartnar for elevane ved Amalie Skram videregående skole, og bidra til informasjon, refleksjon, og motivasjon. Rådgjevaren har teieplikt, og det vert ikkje ført timefråvær for samtalar med rådgjevar. Rådgjevar samarbeider med mange instansar internt og eksternt.
Rådgjevarane våre har ansvar for kvart sitt trinn
Kontora til rådgjevarane finn du i 4. etasje.
Dei hjelper deg gjerne med:
- informasjon/rådgjeving om utanningsval
- informasjon og hjelp til søknad om vidare utdanning
- spørsmål som angår skulegangen
- råd og støtte i spørsmål av meir personleg karakter
- rettleiing/samtaler som gjeld andre sosiale og/eller faglege spørsmål
Rådgjevarane samarbeider med andre, som til dømes PPT, OT, BUP og helsesjukepleiar, og dei er med på møte som gjeld elevsaker (elev, kontaktlærar, føresette).
Rådgjevarane
Ta kontakt for råd og rettleiing